GJER DET MOGLEG

GJER DET MOGLEG

Vi liker å halde det enkelt  og engasjere oss på ekte. 

Først då får ein resultat å prate om. 

Om det er mogleg? 

Sjølvsagt. Vi gjer det. 

Berre ta kontakt!

  • Jenny Staalnacke Mogleg

    JENNY STAALNACKE

    DAGLEG LEIAR & KREATIV STRATEG

    Hei!

    Mi erfaring skriv seg frå over 15 år i reklamebransjen, der eg blant anna har hjelpt merkevarer som Interoptik, Power, Montér, Jernbanedirektoratet, Nidarosdomen, Forbrukerrådet, Disney og Microsoft med kommunikasjon.

    Sidan eg flytta til Vestland i 2020, har eg holdt over 100 workshoper for lokale bedrifter, og dekka alt frå treningssenter til bakeri, reiseliv og industri. Kanskje eg er så heldig å få hjelpe deg neste gong?

  • Torstein Tvinnereim Mogleg

    TORSTEIN TVINNEREIM

    RÅDGJEVAR & KOORDINATOR

    Hei!

    Eg har jobba i det som var tidlegare Stryn Næringshage i over 10 år, er politikar og lærar i tillegg til skule- og næringslivkoordinator. Dette har blant anna vore startgropa til det du kanskje kjenner som Nordfjordkompaniet.

    Eg har skrive fleire musikalar og teaterstykke, blant anna Ull innerst i sjela , for Gamle Innvik Ullvarefabrikk der eg no også har ei deltidsstilling. Eg er veldig god på å kople skule og næringsliv, og arrangerer også Stryn Visefestival ein gong i året. Har du også mange jarn i elden? Ta kontakt!

  • Christer Solberg Mogleg

    CHRISTER SOLBERG

    DIGITAL MARKNADSFØRER & RÅDGJEVAR

    Hei!

    Eg har bakgrunn innan fotografi gjennom utdanning hos Bilder Nordic, og har dei siste åra arbeidd som sjølvstendig fotograf. Eg har òg utdanning innan digital marknadsføring frå Noroff.

    Med kombinasjonen av visuelt uttrykk, kommunikasjon og strategi har eg fått jobbe med å utvikle digitale opplevingar og resultat for fleire bedrifter i Vestland.

    Anten det handlar om å skape merksemd digitalt eller å bli betre i sosiale medier, kan eg hjelpe deg og di verksemd vidare.

    Lurer du på korleis bedrifta di kan bli meir synleg og treffsikker digitalt? Ta kontakt, så kan vi starte med ei kjapp analyse.